Ca 700 meter frå Dalsøren Camping finn du stien som går opp til Børestein. Turen egnar seg som både familetur, trimtur eller ein topptur.
Første del av turen går frå Luster via gamlevegen til Berge, ein gård som ligg på ca 400 m.o.h. Turen går på godt oppmerka sti med panoramautsikt over fjord og fjell.
Frå Berge går turen vidare opp til Børestein som ligg på ca 1 000 m.o.h Det er ca 3 km å gå frå Berge, ca 600 høgdemeter.
Rutebeskrivelse: Frå Dalsøren Camping går du på gangvegen i motsatt retning av kirka, etter ca 400 meter kjem du til Luster Sjukestove, ca 300 meter etter sjukestova startar den gamle vegen opp til Berge og Børestein.
God tur