Luster er ei lita bygd langs Lusterfjorden, Dalsøren Camping ligg heilt nede i strandkanten med bygge, utleigebåt og fin badeplass. Vi ligg strategisk til for turar i Jotunheimen eller tur til Jostedalsbreen.
Våren 2021 åpna vi eit heilt nytt familerom på campingen med dusj, toalett og vask. Vi bygde også heilt nytt kjøkken og vaskerom til våre gjester.
Vi har ein stor campingplass langs fjorden med med 16 hytter og god plass til Campingvogner, bubilar og telt. Vi har gressplen på heile området vårt med fri plassering. Det er ikkje behov for forhonds reservasjon for telt, bubilar og campingvogn. Du kan berre komme når du ynskjer.
Ca 300 meter frå Campingen finn du eit steinovnsbakeri, dei har åpent alle dagar, her kan du kjøpe ferske brød, rundstykker, kanelsnurrar, rosinbollar og mykje anna godt heile dagen.
Når du er i Luster anbefalar me deg ein tur til Berge eller Børestein, Berge ligg på ca 400 moh og Børestein på ca 1000 meter over havet. Det er ein flott tur med fantastisk utsikt heile vegen, oppturen startar kun 500 meter frå campingplassen. Turen opp til Berge er familievenleg med stigning og utsikt heile vegen. Du finn meir info om turen til Børestein på nettsidene våre.
Vi har no fått installert 3 stk destinasjonsladere til elbil, så har du elbil så er du velkommen å lade hjå oss.