© 2022 All Rights Reserved Dalsøren Camping

På tur til storebjørn på sognefjellet i mai

Mot toppen
Not toppen
mot toppen

TOPPTUR TIL STOREBJØRN 2 222 MOH

Storebjørn er ein av dei mest populære toppturane i Jotunheimen. Bakfrå ser fjellet ut som ein sovande bjørn, og utsikta frå toppen er heilt rå!

Lusterfjorden

Fjord og fjell kjenneteikar området vårt, i mai/juni har du unike og flotte turmoglegheitar på Sognefjellet som ligg ca 30 min frå oss, Tilbake frå turen kan du nyte oppholdet heilt nede i strandkanten av Lusterfjorden. Vi har hytter, teltplassar, nytt sanitæranlegg, grillbu og snart får vi også badstove heilt nede ved fjorden slik at du får maks ut av oppholdet ditt. 

Vi har også Joker butikk og steinovnsbakeri som ligg kun 3 minutt å gå frå campingplassen. Der får du kjøpt ferske bakevarer kvar dag i tillegg har dei pizza og mange typar kaffe.

Ny toalett og dusj

Om oss

Dalsøren Camping ligg like ved vakre Lusterfjorden med kort veg til Sognefjellet. Vi ligg like ved Børestein som du kan sjå i bakgrunn. Det er ein veldig fin topptur frå 0 til ca 1000 moh og er ein svært attraktiv topptur om sommaren.

Du kan ringe oss på telefon 958 67032 om du har spørsmål eller du kan bestille direke på våre nettsider

www.dalsoren.no

Vi har no fått satt opp 3 stk destinasjonsladere til ebil på campingplassen, så har du elbil så er den velkommen til å lade hjå oss.

www.dalsoren.no